Jostedalen

Med sine 500 km2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Frå kommunesenteret Gaupne går eit førti kilometer langt dalføre mot nord. Høge fjell stikk opp både på aust- og vestsida av dalen, men det spesielle er at over vestsida ligg den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen.

Frå fleire av sidedalane kan ein sjå brearmar som strekkjer seg ut frå hovudbreen.

Dei fleste turistar vel å ta seg inn mot Nigardsbreen, der det er guidar som kan ta dei som ønskjer det med på brevandring. I dette området ligg og informasjonssenteret for breane i området - Breheimsenteret, som har mykje interessant å visa fram i tillegg til at ein kan få servering der.

Eit anna flott brefall - Bergsetbreen - finn me i nabodalføret, Krundalen.

Elles kan ein køyra bil heilt opp til nesten 1.200 meters høgde ved å følgja dalføret i heile si lengde. Lengst inne er det ein stor dam som gjer at innsjøen bakom kan regulerast opp og ned heile 70 meter! Gjennom tunell vert vatnet ført til kraftstasjonen nede i dalen.

Andre aktiviteter

SUP

Lustrafjorden kan sjølvsagt nytast frå land men også frå SUP, følelsen av mektige fjell og vakker fjord vil du uansett få.

Lustrafjorden

Lustrafjorden er en ca. 40 kilometer lang arm av Sognefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Jostedalen

Med sine 500 km2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Molden

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i alle retningar.

Kajakk

Lustrafjorden kan sjølvsagt nytast frå land men også frå kajakk, følelsen av mektige fjell og vakker fjord vil du uansett få.

Båtutleie

Med egen motorbåt kan du nyte fjorden helt på egen hand.