TURAR / ATTRAKSJONAR
Gjester som kjem hit har alltid nok å finna på.

 

Er dei glade i å gå i fjellet, er dei komne til eit eldorado. Her er det råd å ta både korte og lange fotturar. Ein kan få gå guida turar på Jostedalsbreen og på skikkeleg utfordrande toppturar i Jotunheimen. Sjølv vårt høgste fjell, Galdhøpiggen ligg berre to timars køyring frå hyttene. 

Der er elles råd å ta dagsturar til Flåm og den berømde jernbana der, til Villakssenteret i Lærdal, til Bremuseet i Fjærland, til Fjellmuseet i Lom eller til dei nære attraksjonane som Breheimsenteret i Jostedalen, med dei fine brearmane Nigardsbreen og Bergsetbreen.

Frå guida tur på
 Nigardsbreen
Frå lett tilgjengelege
 fjellområde ved Vigdalen
I området ligg mange fine kyrkjer, og på under ein time når ein den eldste stavkyrkja i landet - Urnes Stavkyrkje. Nokre reiser endå til på dagstur til Bergen eller til turistmagneten Geiranger.
Fjorden er ein fin tumleplassen. 
Hyttene har gratis robåt til disposisjon.

Dersom du er glad i eit stille liv med naturen rundt deg og med mange kulturelle attraksjoner, er dette rette staden for deg!

 

Utsyn frå tur til Fanaråken i Vest 
- Jotunheimen