Hytte 1-8

Hyttene som er nummerete frå 1 til 8 ligg i andre etasje med veranda rett ut mot fjorden. Der er plass til fem personar. Det er eitt soverom med to enkle senger og ein hems med stige opp langs veggen til tre luftige soveplassar. Hytta inneheld kombinert stove og kjøkken, dusj og toalett, og totalt har gjestene til disposisjon om lag 38 godt utnytta kvadratmeter.

Hyttene er vinterisolerte og oppvarma elektrisk, så om du har lyst til å prøva eit vinteropphald, er du hjarteleg velkomen! For dei som likar snø og ski, har me eit eldorado rundt oss. Om vinteren er Sognefjellsvegen stengd ved Turtagrø, så då må ein koma og reisa att same vegen. Første mai blir vegen brøyta opp kvar vår, og det ser me alltid fram til. Langs vegen og opp til toppane er det nok snø og godt skiføre til langt ut i juni og ofte lenger! Tenk å gå på ski i steikande sol om dagen, for så å ta eit friskt førsommarbad i fjorden ved hyttene i kveldinga!