Fuglesteg

Luster Turlag har restaurert husa på ein høgdegard som ligg i 630 meters høgde over Fortun. Denne garden med namnet Fuglesteg har vorte ein stor attraksjon, med flotte hus og praktfull utsikt.

Det er ellers enkel servering der oppe i sesongen, slik at ein kan få smaka på tradisjonelle norske hellekaker (pannekaker) saman med kaffi enten inne i stovene eller ute på benkene med naturen rundt seg.

Frå Høyheimsvik køyrer du nord-austover langs fjorden til Skjolden og vidare til Fortun, der du parkerer og følgjer skiltinga. Dei fleste vil bruka 1-2 timar opp den bratte vegen til Fuglesteg.

Gled deg til ein spennande dagstur!