Fivla

Luster Turlag, som er ei lokalavdeling av Den Norske Turistforening, har to fine hytter i knappe 1.000 meters høgde. Dei er ulåste, om du vil inn og kikka.

Her køyrer du til Gaupne og tek av mot Jostedal. Etter om lag tretten-fjorten kilometer ser du skiltet mot "Vigdalen" og tek av til høgre over brua. Vegen slynger seg oppover til dei små gardane i Vigdalen, og ein kan parkera der bomvegen startar eller betala og køyra endå eit par kilometer.

Følg skiltinga og gå ned til elva og over på andre sida. Stien er merkt med raude sirklar. Du kjem oppe på høgda inn på T-merkt sti som går forbi Fivla mot DNT-hytta Navarsete. Kraftig motbakke eit par hundre høgdemeter og deretter flatt bortover mot hyttene som du ser på lang avstand.

Om du har tid og krefter, lønner det seg å gå vidare opp på Fivlenosi (1.466 moh) som ligg rett opp frå hyttene.