
Har du høyrt om dei unike norske fjordane? Er du interessert i nasjonalparkar, eller likar du å besøka
attraksjonar som står på UNESCO si verdsarvliste? Om svaret er ja, bør du planleggja ein tur til Luster, som
har alt dette og mykje meir å by på!
Luster Fjordhytter kan gje deg overnatting i enkle og komfortable hytter heilt nede ved fjorden, med eit praktfullt
utsyn. Frå hyttene kan du ta dagsutflukter i alle retningar, nyta fjord- og fjellnaturen, studera kulturminne, gå til
brear og toppar, bada i fjorden eller i moderne badeanlegg og berre slappa av utan stress og mas.
Studer gjerne nettsidene våre og ta kontakt for bestilling av eit opphald, kort eller langvarig!
Luster Fjordhytter har i tillegg til hyttene eit selskapslokale til utleige som rommer inntil 40 personar. Skal
du reisa med ei gruppe, feira ein stor dag, ha eit møte eller eit seminar i arbeids- eller fritidssamanheng, lagar
me gjerne eit opplegg der du disponerer selskapslokalet, får servering og leiger hytter etter behov.
Velkomen skal du vera!
Stein Bugge Næss
- Eigar og vert -
|